torsdag 25. mars 2010

Vossajazz



På sundag skal eg å tante Heidi på Vossajazzen å sjå og høyre på desse flotte damene! Gledar meg masse til dette.















Herborg Kråkevik og Anne Grete Preus har båe hatt strålande karrierar som soloartistar. Kråkevik og Preus har òg begge opptredd årfast på Baroniet i Rosendal. I år for fyrste gong delte dei også scene – med stor suksess. Publikum viste å setja pris på samanslåinga og fekk servert ei herleg musikalsk blanding frå to artistar i toppform. «Dei klarte utan vanskar å dra oss frå det lattermilde til dei sakrale og rolege melodiane» stod det å lese i lokalavisa.

Nettopp spennvidda er noko av det ein kan forventa seg når desse dyktige damene slår seg saman. Preus med sine sjølvskrivne, reflekterte songar og Kråkevik sine fine tolkingar frå Piaf til Garborg, det heile sydd saman med humor og varme. For dei som er tidleg ute og sikrar seg billettar, kan ein stilla store forventningar til ein stor konsert i Vangskyrkja - sundag 28. mars kl. 17:00.

Anne Grete Preus – gitar, vokal
Herborg Kråkevik – vokal

Bernt Rune Stray - gitar
Helge Lilletvedt - piano
Erland Dahlen - trommer, perkusjon
Einar Ytrelid - lydteknikk

http://www.herborgkrakevik.no/
http://www.annegretepreus.no/

English:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar