mandag 30. august 2010

Bedre seint enn aldri..

men her kjem no nokre få ord. Me har vore endå ein tur langs Noregs land. Hadde plutseleg fleire ærend på Vestlandet. Mannen hadde jobbintervju på Voss, pappen min hadde bursdag og broren min skulle stille ut lastebilen sin igjen!

Her er bildet av god bilen!! Å jammen vann han ikkje denne ganga og, finaste skapbil. No har han fått 3 pokala i frontruta! Stolt storesøster!! :D


Bror og kjæresten reiste til transportmessa ein dag tidlegare medan me passa tanteungane, for på fredagen kjøyrte utstillarane convoy!!!


mandag 9. august 2010

Stem på Christine frå Narvik i Boligdrømmen

og vær med i trekninga om 9.999kr!

http://www.boligdrommen2010.no/finalister/christine/ her kjemme ein rett på sida ein kan stemme,

Her får de litt info om garden familien hennar har kjøpt;

Stem i veg!!!

torsdag 5. august 2010

August

Ja no er me komme i august. Allerede, sommaren har gått fort å da kjem vel hausten til å gjera og.

Dette bilete er tatt av mannen og mammaen min. Dei gjekk ut i Nåli, trykk på å finn ut meir om det. Da ein ser her er Stalheim Hotel, Stalheimsfossen og E16.
Bildene blei litt hulter til bulter lagt inn her. Me har ommøblert i stovo vår. Før stod sofaen foran vindauga å øydelagte alt som heite utsikt. No har me sett han slik og da fungera veldig bra.
Rydding i alle kjøkkenskap her ein dag. Måtte ta bilde å vise kor flott hylla eg har på kjøkkenet. Er veldig fornøgd med den løysinga.
Dagen me kom att til Bodø var me jo oppå Hunstadtoppen, dette er mot byen sjølve Bodø by.
Det er akkurat 1000km frå Lillehammer til Fauske.
I morgo får me besøk å då må me jo ha skulebollar.
Å endå fleire skulebollar!
Bilete me har på soverommet! Syns da er so stilig at da er oppdelt i slike delar. Dette er ustikt frå Stalheim.
Dette har me på kjøkkenet. Mannen tok dette når han var i St.Petersburg i fjor haust på russisk språkkurset.
Heime på Stalheim igjen. Tykkjer dette bilete er vakkert, litt trolsk og romantisk.
Avslutta med eit til frå Nåli, å kjenner at da er godt at da berre er to veker til ein skal vestover igjen! God helg til alle sammen her uti bloggeverden!!