onsdag 25. mai 2011

Jeg tenker nok du skjønner det sjøl


er tittelen til denne boka.
Når eg byrja å lesa den vart eg sint, forbanna, lei meg og sjokkert. At slike fæle ting kan skje med ein liten guten. Slikt skal ikkje skje. Må ikkje skje. No når eg er ferdig med boka kan eg vel sei at eg fortsatt er dei ting, men eg er og betenkt. Kva er det som får ein person eller fleire til å gjera noko slikt, til å halde tett om det og å lyge om det?
Boka fortel om livet til Christoffer, og dei viktigaste personane i livet hans. Men den fortel og om ADHD dioagnosen hans, om rettssystemet i Noreg og andre viktige ting i vegen mot ei rettsak og sjølve rettsaka.
Eg klara ikkje å gje noko karakter på denne, det vert heilt for meg. Men les den, grin, hyl, vert sint og forbanna!!

søndag 22. mai 2011

Lesehesten...

Eg har ei super tanta som jobbar på ein bokbutikk heima i bygda. I det siste når eg har vore heime sender ho meg bokpakker før eg reiser tilbake til siddisbyen. Her er dei bøkene eg har lest i år.


Nicholas og Micah Sparks, To uker med min bror. Ein flott biografi om Nicholas, hans oppvekst og familie. Mora har sett djupe sport i to svært ulike brødre. Hennar motto var; det du ønsker deg og det du får, er som regel to vidt forskjellige ting. 4/6
Eva J. Stensrud; Storgårdsfolk 50/51. Her møter ei ein hedmarksfamilie på 1800 talet. Som tittelsen tilseie er dette bok nr 50 og 51. Eg liker denne serien godt, mamma får boka i posten, les den, sende den til meg, eg les den, so ber da vidare til tante E. Som mannen seie; du å den husmorspornoen. 6/6

Karin Brunk Holmqvist; Potensgiverne. Ei god forteljing om to eldre systre langt ute på bygde i Sverige, som ja, lagar og sel potensmiddel. Eg lo meg gjennom boka. Anbefalst på da varmaste! 6/6
Peter Stamm; Agnes. Denne boka lånte eg på biblioteket berre fordi den vart anbefalt. Men eg likte den ikkje. 1/6
Ruth Lillegraven; Mellom oss. Ein forteling om ein spesiell familie. Handlinga går føre seg i Oslo/vestlandet. Sleit med å komme i gang, men den kom seg etter kvart. Likte faktisk ikkje å lese den på nynorsk. 4/6
Jussi Adler-Olsen; Kvinnen i buret. Fyrste bok i ein serie av foreløbig tre. Denne boka er eg akkurat byrja å lese, og det lovar bra.....
Nick Hornby; Juliet, Naked. Handlinga tek plass delvis i England og delvis USA. Ein fanatisk fan av ein alkoholisert popmusikar frå 70talet. Har eigentleg ikkje hatt nokon spesielle tankar om boka etter eg var ferdig med ho. 4/6
Arne Hjeltnes; Ivar Nimme. Grisebonden frå ei vestlandsbygd, som står imot byråkratiet. Her skjer det mykje, både lovleg og ulovleg. Kjenner meg at i mange av dei stadane denne karen oppheld seg på. Ser for meg ferjekaien, bygde og naboane. 5/6
Mary Ann Shaffer; Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai. Fantastisk underhaldande bok. Fin historie frå den vetle øya utenfor England, korleis andre verdens krig og etterkrigstida var for innbyggjarane, og kva dei måtte gjera for å overleva. Anbefalst på det sterkaste. 5/6
Odd J. Eidner; Den doble sorgen. Forteljinga om presten som mystar to born, og trua på gud. Eigentleg ikkje ei bok eg ville ha lest, men er glad for at eg gjorde det. 4/6
Anita Nair; Damekupeen. Ei middelaldrane kvinne som vil oppleva noko nytt, og leva sitt liv. Ei togreise gjennom 8 ulike kvinners forhald til menn og livet. Følte at denne var rotete, og eg klarte ikkje heilt å fylje med på alle dei ulike forteljingane. 4/6
Tatiana de Rosnay; Bumerang. Ei ny fantastisk bok av fattaren av Saras nøkkel. Dette er mi favoritt bok, eg grein da boka var slutt for dette var ein historie som er so flott skreve. LES DEN! 6/6

Er det nokon andre som leser bøker? Som er einige eller ueinige med meg? Eller har nokon gode tips til gode bøker?

fredag 20. mai 2011

Lenge siden sist

Ja det er lenge siden sist, har vore travel for oss begge so då vert bloggen nedprioritert. Me reiste til Kristiansand på impulstur ei helg og det var kjempe kjekt. Var på shopping, sightseeing og Dyreparken.


Sjefen sjølv som hoppar etter mat. Damene lot han få maten fyrst, når han var forsynt byrja dei å ete av dette hestebeinet som dei heisa ut frå eit tårn.
Utsikta frå rommet vårt.
I påsken var eg å kopierte nokre bileter hjå bestemor. Dette er frå sommar 95, då eg og Therese var til Reine i Lofoten på besøk til verdens beste oldemor og oldefar.
Eg og oldefar heima på Stronde. Dette er noko eldre, litt usikkert når dette er tatt. Tykjer da er artigt å sjå på desse bileta, på korleis ein sjølv har forandra seg og korleis tida har gått!

Skal verta meir aktiv med blogginga. Trur eg...

God helg alle her ute i blogglandia!