fredag 9. mars 2012

Påsken

Fyrste delen av påsken skal me tilbringa i Stockholm!!
HURRA!!
Glede meg har aldri vore der før, kva skal ein sjå, kva skal ein oppleva? Kor skal ein eta? Kor skal ein drikka?

Har bestilt hotell her, skal vera i nærleiken av slottet og gamle stan!
Siste delen av påsken reise me heim til Voss!


lørdag 21. januar 2012

Nytt år!

Endeleg har eg rota meg til å laga eit pittelite innlegg. Dagane går fort, og mykje har skjedd i heimen siden sist.
Me har kjøpt oss BOLIG på Godeset i Stavanger. Stor kosa oss i den!!
Har vore til Berlin på haustferie og vore heima hjå mor og far i jola!


Meg i Berlin, brukte regnjakka kvar dag!!
Spiste middag på Hardrock, å ikkje lenge etter fekk me tak i billetta til konserten til Springsteen i Bergen den 24.7 på sjølvaste bursdagen min.
Var sjølvsagt innom KaDeWe når me var i Berlin. Grei lunsj for to dette!!

I helga har me besøk, men eg sitt heime med te, tørkepapir og nesespray! Har endelig fått igjen stemma og har i tillegg prøvd bestemors varm mjølk med pepper, so no spørs da om da hjelpe.
I morgo er da Stavanger Oliers kamp, me glede oss!!

lørdag 24. september 2011

Norges tøffeste lastebil

Broremann og pappa stakk av med tittelen
NORGES TØFFESTE LASTEBIL


tirsdag 9. august 2011

Stem på bror



Konkurranse om å ha Norges tøffeste lastebil



Denne konkurransen er gjennom if.

Stem i veg, premien er 15.000

mandag 1. august 2011

Lister

Har vore innom på listebloggen å kikka ein del i det siste. Her er det mykje bra. Hermar litt å prøver å få meg ei

10 steder eg ynskjer å reise: (tek og med plassar eg har vore)
2. Shetland
3. Berlin
4. Nederland, Noord & Zuid Holland.
5. Lillehammer
6. Stalheim
7. Bahamas
8. Kristiansand, og dyreparken
9. Moskva
10. Umeå

Nokre av desse er besøkt, nokre vert besøkt, andre kan ein berre håpe og draume om!

mandag 25. juli 2011

Bursdag med bismak

I går hadde eg bursdag.
Men dagen vart ikkje slik som dei andre, tankane er heilt andre plassar.
Dei var hjå dei pårørande og dei flotte hjelparane i denne hendinga.

fredag 3. juni 2011

Mimring


frå tida vår i Rijswijk, Nederland. Mannen budde her i 3mnd på opplæring før han byrja i jobben i Stavanger. Eg var so heldig å få reisa ned to tura til han. Dette var heilt fantastisk, hadde eigen leilighet og mykje tid ilag til å utforska Nederland. Eg er heilt frelst, eg kunne tenkt meg at han fekk seg eit "vikariat" der i eit år eller to. Me reiste frå Rijswijk til Amsterdam, til den Haag, Heerhugowaard, Den Helder og mange andre fine plassar. Tok og ein tur til Antwerp, som var vel so vakkert. Som sagt eg er solgt.


Det lokale bakeriet i Rijswijk. Eller eigentleg var det ei gågate der butikkane berre bretta ut dørene, so kom denne herlegheita fram.
Blomsterbutikk i samme gata. Dei hadde ALT, å då meine eg alt. For ingenting!
Ein stor turist attraksjon. Mykje løye å sjå her ja.....
Amsterdam, kjent for sine mange kanalar. Var til tider vanskeleg å orientera seg her. Då bror og forloveden var ned på besøk gjekk me oss litt vill. Då var da godt å ha med seg ein telefon med gps og andre slike fancye duppedingsa.
Me var her i november og desember, so me stod over kanalbåtane. Sjølv om dei hadde varme lampar og diverse. Det var so mykje anna fint å sjå på av lys og tre.
Tykkjer dette bilete er so fredeleg.
Kjærastepar.
Utsikta frå leilegheita i Rijswijk. Det høge bygget i midten er der mannen jobba, i 14 etasje. Frå kontoret såg han Den Haag og Rotterdam.
Leilegheits bygget vårt! Til høgre her er togstasjonen, til venstre trikk og buss. Det tog 4min med tog til Den Haag, og ca 15 med trikken.
Avslutta med eit bilete av MITT Den Haag!!!

At eg lengtar attende er vel tydeleg...........