onsdag 22. september 2010

Slutt for kvardagen i nord

fordi me skal flytte frå vakre nord! Mannen i huset har fått seg jobb i Stavanger!! No skal me organisera hussalg og kanskje kjøp! Treng gode råd og tips til plassar og bu i Stavanger!! Å kor me gleda oss, å kor stolt eg er av mannnen min!!!

lørdag 4. september 2010

September

er her! På fredagsmorgonen skrapa eg is av bilen før eg reiste å jobb. Det er vel første teikn på at hausten nærmar seg, og at da ligge snø på fjella her. I går hadde me "date" etter at me var ferdige på jobb, var ganske godt! Fyrst var me på kino og såg Varg Veum - skriften på veggen. Syns den var bra, mykje bedre enn enkelte av dei andre filmane i serien. So var me på Min Plass og spiste litt. I dag har me berre sløva oss, var ein tur til byen på loppemarked, so me fekk med oss nokre små ting heim!! Hadde litt for mykje energi etter middag so då lagde eg ei eplekake og amerikanske sjokolademuffins. Prøvde meg og på krem på toppen! Det ser veldig bra ut so no får me prøve smake dei og! GOD HELG!!