fredag 9. mars 2012

Påsken

Fyrste delen av påsken skal me tilbringa i Stockholm!!
HURRA!!
Glede meg har aldri vore der før, kva skal ein sjå, kva skal ein oppleva? Kor skal ein eta? Kor skal ein drikka?

Har bestilt hotell her, skal vera i nærleiken av slottet og gamle stan!
Siste delen av påsken reise me heim til Voss!


lørdag 21. januar 2012

Nytt år!

Endeleg har eg rota meg til å laga eit pittelite innlegg. Dagane går fort, og mykje har skjedd i heimen siden sist.
Me har kjøpt oss BOLIG på Godeset i Stavanger. Stor kosa oss i den!!
Har vore til Berlin på haustferie og vore heima hjå mor og far i jola!


Meg i Berlin, brukte regnjakka kvar dag!!
Spiste middag på Hardrock, å ikkje lenge etter fekk me tak i billetta til konserten til Springsteen i Bergen den 24.7 på sjølvaste bursdagen min.
Var sjølvsagt innom KaDeWe når me var i Berlin. Grei lunsj for to dette!!

I helga har me besøk, men eg sitt heime med te, tørkepapir og nesespray! Har endelig fått igjen stemma og har i tillegg prøvd bestemors varm mjølk med pepper, so no spørs da om da hjelpe.
I morgo er da Stavanger Oliers kamp, me glede oss!!