søndag 22. mai 2011

Lesehesten...

Eg har ei super tanta som jobbar på ein bokbutikk heima i bygda. I det siste når eg har vore heime sender ho meg bokpakker før eg reiser tilbake til siddisbyen. Her er dei bøkene eg har lest i år.


Nicholas og Micah Sparks, To uker med min bror. Ein flott biografi om Nicholas, hans oppvekst og familie. Mora har sett djupe sport i to svært ulike brødre. Hennar motto var; det du ønsker deg og det du får, er som regel to vidt forskjellige ting. 4/6
Eva J. Stensrud; Storgårdsfolk 50/51. Her møter ei ein hedmarksfamilie på 1800 talet. Som tittelsen tilseie er dette bok nr 50 og 51. Eg liker denne serien godt, mamma får boka i posten, les den, sende den til meg, eg les den, so ber da vidare til tante E. Som mannen seie; du å den husmorspornoen. 6/6

Karin Brunk Holmqvist; Potensgiverne. Ei god forteljing om to eldre systre langt ute på bygde i Sverige, som ja, lagar og sel potensmiddel. Eg lo meg gjennom boka. Anbefalst på da varmaste! 6/6
Peter Stamm; Agnes. Denne boka lånte eg på biblioteket berre fordi den vart anbefalt. Men eg likte den ikkje. 1/6
Ruth Lillegraven; Mellom oss. Ein forteling om ein spesiell familie. Handlinga går føre seg i Oslo/vestlandet. Sleit med å komme i gang, men den kom seg etter kvart. Likte faktisk ikkje å lese den på nynorsk. 4/6
Jussi Adler-Olsen; Kvinnen i buret. Fyrste bok i ein serie av foreløbig tre. Denne boka er eg akkurat byrja å lese, og det lovar bra.....
Nick Hornby; Juliet, Naked. Handlinga tek plass delvis i England og delvis USA. Ein fanatisk fan av ein alkoholisert popmusikar frå 70talet. Har eigentleg ikkje hatt nokon spesielle tankar om boka etter eg var ferdig med ho. 4/6
Arne Hjeltnes; Ivar Nimme. Grisebonden frå ei vestlandsbygd, som står imot byråkratiet. Her skjer det mykje, både lovleg og ulovleg. Kjenner meg at i mange av dei stadane denne karen oppheld seg på. Ser for meg ferjekaien, bygde og naboane. 5/6
Mary Ann Shaffer; Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai. Fantastisk underhaldande bok. Fin historie frå den vetle øya utenfor England, korleis andre verdens krig og etterkrigstida var for innbyggjarane, og kva dei måtte gjera for å overleva. Anbefalst på det sterkaste. 5/6
Odd J. Eidner; Den doble sorgen. Forteljinga om presten som mystar to born, og trua på gud. Eigentleg ikkje ei bok eg ville ha lest, men er glad for at eg gjorde det. 4/6
Anita Nair; Damekupeen. Ei middelaldrane kvinne som vil oppleva noko nytt, og leva sitt liv. Ei togreise gjennom 8 ulike kvinners forhald til menn og livet. Følte at denne var rotete, og eg klarte ikkje heilt å fylje med på alle dei ulike forteljingane. 4/6
Tatiana de Rosnay; Bumerang. Ei ny fantastisk bok av fattaren av Saras nøkkel. Dette er mi favoritt bok, eg grein da boka var slutt for dette var ein historie som er so flott skreve. LES DEN! 6/6

Er det nokon andre som leser bøker? Som er einige eller ueinige med meg? Eller har nokon gode tips til gode bøker?

4 kommentarer:

  1. Wow, her har du fått lest mye, skjønner jeg! Jeg forsøker å lese litt innimellom, synes det er viktig å ta vare på lesegleden, og nå har jeg nettopp fått øynene opp for lydbøker :) Stort sett krim her, men jeg sluker egentlig alt! Har ikke lest noen av de du viser frem her.

    SvarSlett
  2. Hehe, ja har gått unna i år! Han Jussi-Andler er krim. Ellers vil eg anbefala Chris Tvedt, han skriv veldig godt. Ahh lydbøker høres greit ut! :)

    SvarSlett
  3. Åh, Mariann! Eg likar bokanbefalingar frå deg. Rett og slett fordi eg veit at eg har likt bøker eg har lånt av deg før, og fordi me er interessert i mange like tema (om ikkje heilt alle).

    Har vurdert både Bumerang, Damekupeen og To uker med min bror, men skal defintivt sjå nærare på dei andre du anbefalar også. Tenker å komme med mine anbefalingar på min (splitter) nye blogg og :)

    SvarSlett
  4. Ahhh so kjekt!! :D JA les dei ALLE tre!! :D Gleda meg til å sjå ny bloggen din!! :D

    SvarSlett