mandag 30. november 2009

Endeleg har eg fått

Lasta opp nokre bilete. Fann ein kabel til mobilen. Derfor er kvaliteten so som so. Her har eg baka ciabatta og ein fletteloff. Blei kjempe godt. Godt med heimalaga nista på jobb.
Langveggen i stova har fått litt endring, igjen. Bilete me tok i sommar er endelig komme i hus. Ingen skryt til Fame Fotografer. På den nederste hylla har eg to sviblar oppi to koppar som kjærasten kjøpte i Umeå i sommar. Og ein 5 arma stake, som tidlegare var i messing, men med ein liten time med ein sprayboks vart den antikk kvit.
I Umeå kjøpte me og nokre julestjerner. Den største er svart med gull. Kjøpte ei slik kule med lys inni, som eg tenkte skulle ha inni men da funka ikkje so bra. So kula henge i varanda døra heilt aleine. Fint da å.
Her er synet som møtte oss laurdags formiddag. Hærlig!!

Ha ei flott veke!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar