onsdag 27. januar 2010

Ein ny verdensborger

I dag den 27 januar fekk ei av mine beste venninner ei heilt nydelig jenta!
VELKOMMEN!


lørdag 16. januar 2010

Den dag....


Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søv, eg om deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når mørkt det er.

Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg fyljer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.

Når noko kjem og i klinka rykkjer,
der er du som kjem inn til meg, eg tykkjer.
Eg sprett frå stolen og vil meg te,
men snart eg sig atter ende ned.

Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur det er du som gjeng der og tuslar;
Når sumt der borte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
det er deg eg ser, deg i alt egg høyrer:
i song og fløyt- og felilåt,
men endå best i min eige gråt.

Aasmund Olvasson Vinje 1866, frå "Storegut".


mandag 11. januar 2010

Godt nyttår godtfolk!!

Lenge siden det har vore noko aktivitiet her inne no. Me har vore heilt tett i øre, nese, hals regionen etter me kom tilbake frå ei fantastisk jolefeiring på Stalheim/Filipshaugen.
No er eg aleine heime igjen, gubbanoa sitte i skrivende stund på flyet til Stavanger, der han skal på jobbintervju!! Kryss alle fingra og alt som kan kryssast for at da går bra!!


Litt reklame for TEAM JODDSKI!!!!

I Bodø er da no ganske so surt å kaldt, skulle ha sendt nokre av varme gradene heimover hadde det vore mogleg!!

Ha ei fin veka!!

onsdag 9. desember 2009

Juleforberedelse

Enda meir julestemning her i huset!!
No har eg fått pynta juletreet, har to ulike julekaker i ovnen å julekorta skal sendast i morgo! Å eg har rettedag i morgo. Men er ferdig å skal rette, so har tatt opp smalahove som da skal verta til middag i morgo! Ååå litt jolelukt i huset å!

torsdag 3. desember 2009

Regine Stokke

Hvil i fred Regine ♥

Tenn et lys for Regine Stokke i kveld.

Sørg for at hele Norge brenner for Regine og kreftsaken i kveld.

mandag 30. november 2009

Endeleg har eg fått

Lasta opp nokre bilete. Fann ein kabel til mobilen. Derfor er kvaliteten so som so. Her har eg baka ciabatta og ein fletteloff. Blei kjempe godt. Godt med heimalaga nista på jobb.
Langveggen i stova har fått litt endring, igjen. Bilete me tok i sommar er endelig komme i hus. Ingen skryt til Fame Fotografer. På den nederste hylla har eg to sviblar oppi to koppar som kjærasten kjøpte i Umeå i sommar. Og ein 5 arma stake, som tidlegare var i messing, men med ein liten time med ein sprayboks vart den antikk kvit.
I Umeå kjøpte me og nokre julestjerner. Den største er svart med gull. Kjøpte ei slik kule med lys inni, som eg tenkte skulle ha inni men da funka ikkje so bra. So kula henge i varanda døra heilt aleine. Fint da å.
Her er synet som møtte oss laurdags formiddag. Hærlig!!

Ha ei flott veke!!