fredag 3. juni 2011

Mimring


frå tida vår i Rijswijk, Nederland. Mannen budde her i 3mnd på opplæring før han byrja i jobben i Stavanger. Eg var so heldig å få reisa ned to tura til han. Dette var heilt fantastisk, hadde eigen leilighet og mykje tid ilag til å utforska Nederland. Eg er heilt frelst, eg kunne tenkt meg at han fekk seg eit "vikariat" der i eit år eller to. Me reiste frå Rijswijk til Amsterdam, til den Haag, Heerhugowaard, Den Helder og mange andre fine plassar. Tok og ein tur til Antwerp, som var vel so vakkert. Som sagt eg er solgt.


Det lokale bakeriet i Rijswijk. Eller eigentleg var det ei gågate der butikkane berre bretta ut dørene, so kom denne herlegheita fram.
Blomsterbutikk i samme gata. Dei hadde ALT, å då meine eg alt. For ingenting!
Ein stor turist attraksjon. Mykje løye å sjå her ja.....
Amsterdam, kjent for sine mange kanalar. Var til tider vanskeleg å orientera seg her. Då bror og forloveden var ned på besøk gjekk me oss litt vill. Då var da godt å ha med seg ein telefon med gps og andre slike fancye duppedingsa.
Me var her i november og desember, so me stod over kanalbåtane. Sjølv om dei hadde varme lampar og diverse. Det var so mykje anna fint å sjå på av lys og tre.
Tykkjer dette bilete er so fredeleg.
Kjærastepar.
Utsikta frå leilegheita i Rijswijk. Det høge bygget i midten er der mannen jobba, i 14 etasje. Frå kontoret såg han Den Haag og Rotterdam.
Leilegheits bygget vårt! Til høgre her er togstasjonen, til venstre trikk og buss. Det tog 4min med tog til Den Haag, og ca 15 med trikken.
Avslutta med eit bilete av MITT Den Haag!!!

At eg lengtar attende er vel tydeleg...........



2 kommentarer:

  1. Det e så kjekt med plassar ein kjenner litt betre enn andre ferieplassar. Det å føle at eg faktisk bur der og lever livet... Det ser utrulig fint ut, så skjønner at du lengter tilbake! Og, det bilde av deg og Mats er så fint. <3

    SvarSlett
  2. Sv: Ikkje sant den var fiin?!! Den hadde passa perfekt, så skal prøve å finne ein liknande her i Norge. Gler meg til å sjå den eg og - i morgon begynne arbeidsfolka for fullt! Bilete kjem etterkvart :p

    SvarSlett