lørdag 16. januar 2010

Den dag....


Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søv, eg om deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når mørkt det er.

Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg fyljer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.

Når noko kjem og i klinka rykkjer,
der er du som kjem inn til meg, eg tykkjer.
Eg sprett frå stolen og vil meg te,
men snart eg sig atter ende ned.

Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur det er du som gjeng der og tuslar;
Når sumt der borte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
det er deg eg ser, deg i alt egg høyrer:
i song og fløyt- og felilåt,
men endå best i min eige gråt.

Aasmund Olvasson Vinje 1866, frå "Storegut".


4 kommentarer:

  1. mhm, det er da den gjer for meg å!!

    SvarSlett
  2. Hei :) De versene er bare nydelige.....men akk så triste,likevel.... Butikken jeg selger fra,ligger i Steigen,nærmere bestemt i Leinesfjord,og heter Torghuset :)Kos deg videre......i snøen vi fikk idag :) Bedre det,enn Ask,iallefall.... :)

    SvarSlett