Eksperimentering og smaking og prøving. Har vist litt lite å gjera på i helgene har eg funne ut. Så denne helga har me laga pizza, med mammo sin pizzabunnoppskrift. Å da vart godt, hadde mexicana pizzasuas og tomatpuree i bunnen. Jalopenos, løk og mais blanda me inne i sausen. So hadde me kjøttdeig og choritzo pølse på. Absolutt å anbefale! Og ikkje minst godt med ost oppå.
I går kveld laga eg ein deig av sjokoladebrioche, etter inspirasjon av http://trineblogg.blogspot.com/2010/04/sjokoladebrioche-fransk-fristelse.html. Blanda alt i går kveld, og sette til heving til i dag tidlig. Rulla dei så ut til bollar og lot dei heve ei time. Dei såg ikkje så store ut som eg hadde trudd mens dei heva, men dei blei virkelig store etter 10min i steikeovnen.
Eg er ikkje so glad i søte bollar, men desse var heilt topp for meg. Brukte forresten vatn i stedet for mjølk som stod i oppskrifta. Men ser ikkje at det skal ha vore noko problem.
I dag når me vakna var det plutselig komme 10cm snø ute, hadde me aldri trudd etter den flotte dagen me hadde i går, med heilt blå himmel og sol. I kveld skal me på kino med ein kamerat av gubben å sjå Clash of the Titans i 3D, da er vel egentlig kun derfor eg skal sjå han. Er veldig glad i 3D filmar, da gjer liksom litt meir utav sjølve opplevelsen av å reise på kino. Flott oppladning til ei ny veke.
Mmm..Mange fristelser i dette innlegget!
SvarSlett