fredag 30. april 2010

Vekas høgdepunkt




Fredagane er eg so heldig å vera ferdig på jobb 12.30, og dette er berre heilt fantastisk. Dagen starta bra med at eg kom heim med vin frå vinlotteriet (3flasker av 5deltakelser), so eg er fornøgd med statestikken. Me fann ut at me skulle ta oss ein tur til Fauske å kikke litt i butikkar. Og der ramla me jo tilfeldigvis.. ehh hark... innom FruDahls. Og der havna desse to flotte koppane med oss i posen heim. Gubbanoa sin kommentar inne i butikk; seriøst e det nokka her du ikke syns e fint?? Kor du ska ha alt det herre henn? So derfor "kun" to koppar idag! Og som vanlig er da ikkje noko å sei på servisen, snakk om å kjenne seg velkommen! Anbefale alle om å stikka innom den butikken viss de vende nasa innom Fauske!

Og det er begynt å bli litt vår her som de ser. Snøen er iallefall vekke frå plenen, men den siste gangen eg skrapa snø av bilen var i går torsdag! HJELP!

Men iallefall i morgo er da MAI å det har jo visse forventninger med seg, å håper at dei innfrir. No er da gullrekka på tven og kos i sofaen.

God helg!!

søndag 25. april 2010

Dagens middag

Vart pinnakjøt. Men me var so svoltne at me klarte ikkje å ta bilete før me spiste. So då vart da bildet leiting på nett! Å da var ein virkelig god middag i dag!!
Vart litt jolastemning i dag, var for da snø når me våkna å snø når me sette oss ned for å eta!!


fredag 23. april 2010

Silje

har bursdag!!
GRATULERA so masse med 19års dagen!!!


søndag 18. april 2010

Mat, mat å mat


Eksperimentering og smaking og prøving. Har vist litt lite å gjera på i helgene har eg funne ut. Så denne helga har me laga pizza, med mammo sin pizzabunnoppskrift. Å da vart godt, hadde mexicana pizzasuas og tomatpuree i bunnen. Jalopenos, løk og mais blanda me inne i sausen. So hadde me kjøttdeig og choritzo pølse på. Absolutt å anbefale! Og ikkje minst godt med ost oppå.
I går kveld laga eg ein deig av sjokoladebrioche, etter inspirasjon av http://trineblogg.blogspot.com/2010/04/sjokoladebrioche-fransk-fristelse.html. Blanda alt i går kveld, og sette til heving til i dag tidlig. Rulla dei så ut til bollar og lot dei heve ei time. Dei såg ikkje så store ut som eg hadde trudd mens dei heva, men dei blei virkelig store etter 10min i steikeovnen.
Eg er ikkje so glad i søte bollar, men desse var heilt topp for meg. Brukte forresten vatn i stedet for mjølk som stod i oppskrifta. Men ser ikkje at det skal ha vore noko problem.

I dag når me vakna var det plutselig komme 10cm snø ute, hadde me aldri trudd etter den flotte dagen me hadde i går, med heilt blå himmel og sol. I kveld skal me på kino med ein kamerat av gubben å sjå Clash of the Titans i 3D, da er vel egentlig kun derfor eg skal sjå han. Er veldig glad i 3D filmar, da gjer liksom litt meir utav sjølve opplevelsen av å reise på kino. Flott oppladning til ei ny veke.


tirsdag 13. april 2010

Dagens frokost

for Mats. Og lunsj for meg. Er heima idag med ein mage som ikkje er heilt på bølgelengde. So har fått satt på ei maskin med klær ellers er sofaen og siste boka av Storgårdsfolk min beste venn i dag. Skal prøva å komma meg på apoteket ein tur å få tak i litt div som mamma har sagt eg burde tatt.
Ha ein flott dag alle sammen!

søndag 11. april 2010

Morfaren min

Den beste i verden her på vår jord,
min bestefar han kan ikke beskrives med ord.
Hans gode hjerte som banker så kjærlig,
og en røst som er så herlig.

Min bestefar og jeg har det så bra,
jeg ber til gud hver kveld om at han aldri får dra.
Hans smil, fine tanker og gode ord,
bestefar er blitt sendt fra Gud ned på vår jord.

Et liv, en trygghet, et menneske som har evnen til å glede,
en kjærlighet, et menneske som alltid er til stede.
Du er den beste, du gjør meg så glad,
takk for at du er deg, takk skal du virkelig ha.


Gratulera so masse med dagen morfar!!

onsdag 7. april 2010

Tankar på ein flymaskin tur

Når me tek fly, er me då i himmelen?
Å kor er alle menneskene som er døde og er komme til himmelen?
Må ein sjølv vera død for å kunne sjå dei andre i himmelen?
Kor er alle englane med kvite fine vinger som bur i himmelen?
Kor er Gud og Jesus som står ved han side?
Kor er mine kjære?
Eg er jo i himmelen her i flyet, men alt eg ser er kvite skyer og høgst levande mennskjer rundt meg i flyet.
Kvifor veks med opp med at når noko dør so havne dei i himmelen?
Men kor er dei no når eg driv å vase rundt oppi himmelen?
For dette ER vel himmel eller?
Over skyene, er det ikkje der himmelen er?
Er da berre eg på flyet som lurer på detta?
Har ungen som istt bak meg å hylskrik sett ein person ute på skyene siden han skrik slik?
Kvifor er det so turbulent gjennom skyene?
Er da bakken i himmelen me tvingar oss igjennom med flyet?
Kva er himmel?
Og kor er dei me har vorte fortalt er i himmelen?