onsdag 27. januar 2010

Ein ny verdensborger

I dag den 27 januar fekk ei av mine beste venninner ei heilt nydelig jenta!
VELKOMMEN!


lørdag 16. januar 2010

Den dag....


Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søv, eg om deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når mørkt det er.

Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg fyljer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.

Når noko kjem og i klinka rykkjer,
der er du som kjem inn til meg, eg tykkjer.
Eg sprett frå stolen og vil meg te,
men snart eg sig atter ende ned.

Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur det er du som gjeng der og tuslar;
Når sumt der borte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
det er deg eg ser, deg i alt egg høyrer:
i song og fløyt- og felilåt,
men endå best i min eige gråt.

Aasmund Olvasson Vinje 1866, frå "Storegut".


mandag 11. januar 2010

Godt nyttår godtfolk!!

Lenge siden det har vore noko aktivitiet her inne no. Me har vore heilt tett i øre, nese, hals regionen etter me kom tilbake frå ei fantastisk jolefeiring på Stalheim/Filipshaugen.
No er eg aleine heime igjen, gubbanoa sitte i skrivende stund på flyet til Stavanger, der han skal på jobbintervju!! Kryss alle fingra og alt som kan kryssast for at da går bra!!


Litt reklame for TEAM JODDSKI!!!!

I Bodø er da no ganske so surt å kaldt, skulle ha sendt nokre av varme gradene heimover hadde det vore mogleg!!

Ha ei fin veka!!